Stort møte mellom storband

AOJO og BUS (foto: Vossa Jazz/ Runhild Heggem)
AOJO og BUS (foto: Vossa Jazz/ Runhild Heggem)

Det var trangt både i salen og på scena, då Bergen ungdomsstorband og Akershus og Oslo ungdomsjazzorkester møttast i festsalen laurdag ettermiddag.

Showet byrja fyrst med spel frå det store storbandet frå Bergen, og Hordaland. Deretter var det ungdomsjazzarane frå Akershus og Oslo sin tur, og til slutt stod begge desse store banda saman på scenen, med ein låt komponert av den energiske dirrigenten frå Akershus og Oslo jazzorkester.

Sjølv om det var varmt og klamt i festsalen, var den lune brisen frå blåsarane til både Bergen ungdomsstorband og Akershus og Oslo jazzorkester svært frisk. Dette lovar godt for storband-framtida!

Del gjerne!