Storslege for dei små

webexport_odin_badnajazz_dans-2737

Vossasalen var ikkje lenger ein konsertsal men snarare ei mørk fjellgråtte der det klirra i istappar sildra i smeltevatn rasla i steinar og dundra i bergveggar. Midt i det heile trer ei mengd mystiske vesen fram i kvite og svarte drakter og trollar fram ein jamn straum fengslande trommeslag. Som arbeidssame doserar i Fraggelberget eller indianarar i krigsmarsj manar dei også tilhøyrarane til engasjement. I heile rommet kunne det skimtast vaksne i koordinerte suggererande nikk og vogg og born oppslukte i dans hopp og song.

På toppen av det heile sveva ei gruppe skapningar av ei anna verd fremst i det mystiske landskapet. Deira magiske huldredans band saman alle slaga frå dei ulike trommegjengane og drøymemelodiane som seiv ut av ein nyleg Vossa Jazz-prisvinnande saksofon. Til sist endar førestillinga i eit definitivt lyd- og rørsleklimaks som bryt trolldomen og let både nye og gamle festivalpublikumarar strøyma ut att i vårsola; ei imponerande mangslungen kulturoppleving rikare.

Del gjerne!