Store tonar frå stort band

Nina Pedersen og HBB (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)
Nina Pedersen og HBB (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)

Ikkje eingong fløymande solskin kunne halda publikum frå å trekka inn i den mørke salen på Kulturhuset då Nina Pedersen tok med seg sine komposisjonar og Hardanger Big Band til Voss på palmelaurdagen.

Om ho har budd dei siste tredve åra i Italia, gav mykje av låtmaterialet den gode, gamle amerikanske storbandkjensla med svingande, smygande vokal over blåserekkjer og stramt komp. Musikalsk leiar Arild B. Nielsen spela også solo og såg særs nøgd ut med å ha Pedersen med seg og nøgd med eit storband som var i storform.

Del gjerne!