Storband-swing sanka ståande applaus

Django Bates med Bergen Big Band (Foto: Vossa jazz/ Ådne Dyrnesli)
Django Bates med Bergen Big Band (Foto: Vossa jazz/ Ådne Dyrnesli)

Bergen Big Band med Djando Bates og andre begava britar byrja sundagen med å blåse opp til stiv kuling i Gamlekinoen. Ein ivrig Bates på keyboard var oppe med armen og dirigerte resten av storbandet, saman med fløytespelaren Eddie Parker. Med to trommer, fire trompetistar og trombonespelarar, og til saman åtte saksofonistar og fløyteblåsarar mangla det ikkje på djubde og trøkk frå scena. Django Bates var full av morosame historier, gode titlar og artig scating sitjande på keyboardet sitt. Med ei god blanding av britisk ska-jazz og bergensk storband-swing kunne soloane gå på rundgang frå dei bakre blåsarane, via virtuose tangenttonar til gitaristen på scenekanten.

Då vossingen Elisabeth Lid Trøen fekk sin saksofon-solo, erstatta samtlige blåsarar sine instrument med eit muntert og laussluppent plystrekor.  Showet enda med blåsarane frå storbandet gåande ned frå scena og ut i salen, og tilbake. «Om ein ikkje går frå konserten med eit smil om munnen bør ein gå til psykolog» fortalde artistverten før konserten, og ein kan trygt seie at det var eit smil om munnen på alle dei som reiste seg opp og applauderte.

Del gjerne!