Stor fadokunst

cristinabranco_adne-1

Sundag kveld var det duka for sommar i Vossasalen. Saman med pianist Ricardo Dias gitarist Bernardo Couto og bassist Bernardo Moreira gjev Cristina Branco varme til folket. Musikarane er samspelte frå fyrste tone og komplimenterer Branco på virtuost vis.

Formidlinga står i fokus når portugisaren Branco fortel sine historier til dei frammøtte denne sundagskvelden. Stundom fortel ho om bakgrunnen til songane. Sakn og kjærleig er heite tema i fadotradisjonen. Men om språket er framandt er kjenslene dei same om ein kviler under Portugal si heite sol eller frys under Vangen sin bleike himmel; Musikk er eit ordlaust språk som alle menneske kan skjøne.

Del gjerne!