Stjernesikkert som faen

Valkyrien Allstars (foto: Runhild Heggem)
Foto Runhild Heggem, Vossa Jazz

«Det er så… så jævlig emosjonelt, og fint.» Med desse orda samanfatta leiarstjerna Tuva Livsdatter Syvertsen ikkje berre denne historisk etterlengta septemberlaurdagen, men også laurdagskvelden i Vossasalen. 

For i kveld var det faktisk ikkje lov å la vere, når tida langt om lenge var inne for å stå tett, snakke høgt, og skåle, sippe, søle og stemme i med vossavenene Valkyrien Allstars: «Det er ei tid, ei tid for alt. Vi har eit liv, eit liv er langt». Og godt er det – for kor grådig godt kjendes det ikkje å la Tuva og dei tre andre (Erik Sollid, Martin Langlie og Magnus Larsen jr) få kome nær og munnbinde oss med reine harmoniar av rå røyst, poetisk jorda tekstar og umiskjenneleg valkyriske folketonar?

Det er ikkje fyrste gong Valkyrien speler på Vangen, og vonleg ikkje den siste. Nei, det var mest eit krav dei overtende vossajazzarane i Vossasalen kvad då siste tone for natta tona ut, og stjernene under taket berre var ei soge: EIN SONG TIL! EIN GONG TIL!

Del gjerne!