Stinn brakke sundag føremiddag

064

Smekkfullt på Tre Brør Café då Sigrid Moldestad sitt gyngande felespel lokka oss heim til røtene. At klokka var endra til sommartid hindra ikkje folk å stille seg i kø 35 minutt før konserten og under konserten stod folk utanfor kaféen og lytta gjennom vindauge for å få med seg litt av den populære folkemusikaren.

Sigrid Moldestad gav dei heldige tilhøyrarane sine vakker melankoli ispedd råe feleslåttar. Ein nydeleg vokalduett med Kim André Rystad var eit av mange høgdepunkt under konserten.

Del gjerne!