Stille stjernesymfoni

webexport_odin_skaare_web-2824

Då Skaara og hennar stjernelag av medmusikantar entra scena var det til eit kvitdekt golv som for å gje inntrykk av at det heile skulle gå føre seg i eit mektig isslott. Og då melodiane byrja å ljoma synte det seg at eit slikt bakteppet høvde godt. Med ein aude klang og lengtande tonar føydde spelet seg utan vidare inn i det vinteraktige landskapet.

Men snart tok musikken ein annan retning og byrja sakte men sikkert mot varmare tider. Den tok oss med frå fjell til fjor gjennom skog og over sletter. Og det var berre å lena seg attende og nyta. Det stilleståande var alltid i fokus men utan at det var til hinder for ei storstilt melodisk bløming. Eller ”eitt bein i himmelen og eitt bein i rock n’ roll” slik hovudpersonen sa det sjølv.

Del gjerne!