Stille fodnesong i trestemd harmoni

fodne_ho_svara_-_sigvor_mala

Osasalen vart laurdag ettermiddag med konserten «Fodne ho svara stilt» gjort om til ein vestlandsk stølsheim der folketonar frå Hardanger og Voss måla krystallklåre bilete av ei svunnen tid. Lyden av klåre røyster leikande improvisasjon fele og trøorgel lulla publikum inn i ei verd me for lenge sidan har gløymt. Skuande frå fodna lokka dei tre budeiene publikum stilt og vart inn i viser om gamal kjærleik kvardagsliv og skildringar frå djupe fjorddalar.

Tonane svinga frå det melankolske til det humørfylte og med små grep leia trøorgelet oss frå høgtidlege kyrkjestunder til leikande sommarvollar der fingrar gjekk lett over felestrengane i ein slått. Med tonar frå Geirr Tveitt eigne akkompagnement og lysande improvisasjon vart fodnesongen eit godt minne; “dei gode minne dei e so fjedle høgt øve kvardagsstedle”.

Del gjerne!