Sterk vokal, Luft på gitar

Elina Duni & Rob luft (foto: Vossa Jazz/Camilla Louadah Hermansen
Elina Duni & Rob luft (foto: Vossa Jazz/Camilla Louadah Hermansen

I dei albanske fjella gjekk det ein mann og grein, fortel Elina Duni om ei av dei framførde songane. Ut av festsalen fredag kveld gjekk titalls kvinner og menn ut med tårar i auga, då Elina Duni og Rob Luft bydde opp til folketonar frå over heile Europa. Det er langt i luftline mellom Albania, Lisboa, Frankrike og Sveits, men i festsalen møttast folketoner frå alle desse stadane, og nokre tonar frå Serge Gainsbourg.

Sjølv om duoen var liten og instrumenta var få, og settlista gløymd på bakrommet, klarde Elina å få til eit fyldig og musikalsk utrykk. Med Rob Luft på gitar og uttalige pedalar, beat-boxa Elina, på ein særs tradisjonell måte, vossajazzarane inn til det emosjonelle og måpefulle, og det heile enda med uttaliga «oj!» og «mm» utbrudd frå salen, og til slutt, men også forventa, det beste som ein kvar musikar kan forventa: ståande applaus.

Del gjerne!