Stepping med strupen

Horse With No Name (Foto: Vossa Jazz/ Eirik Åsheim)
Horse With No Name (Foto: Vossa Jazz/ Eirik Åsheim)

Korleis skildra strupesong? Star Wars-Yoda som speler munnharpe? Vuvuzela-duren frå fotball-VM i Sør-Afrika 2010? Det einaste eg veit er at dette framande uttrykket fungerte så det ljoma i veggane i Pentagon på fredagskvelden.

Kanskje er det fordi Bjørn Tomren, også kjend som Polkabjørn, kombinerer humor med sitt naturgjevne songtalent og framifrå evne til formidling. Med songtekstar på mongolsk, eklektiske dyrelydar og triste hestehistoriar tar Polkabjørn oss med til eit musikalsk steppelandskap i Mongolia me alle kan relatera til. Trommeslagar Audun Humberset er ikkje noko verre: Med alle beveglege kroppsdelar i aksjon heldt perkusjonisten festen igang som ein gallopperande hest over ein støvete prærie. Ei stortromme på høgkant mellom beina, krabbeklo-cymbaler og galloperande Monty python-kokosnøtter var nokre av verkemidla hans.

Med ein fot på dei mongolske stepper, og den andre plassert på den amerikanske prærien, skulle ein tru at konseptet stod i fare for å sprike for breitt. Men den futuristiske strupesongen og dei galloprande rytmane fann ein trygg heim på Pentagon denne kvelden.

Del gjerne!