Steinar Raknes

Bassist og komponist Steinar Raknes har rukke å få gjort mykje så langt i karriera si. Han har spelt med store internasjonale musikarar som Michael Brecker Chick Corea og Bobby McFerrin og har hatt suksess med norske band som Urban Connection Ola Kvernberg Trio og sin eigen kvartett – Tango Ballads & More.

No har han teke musikken eit skritt vidare og går solo på scena. I 2009 mottok han eit stipend frå Shell kor eitt av kriteria var at han skulle framføra ein konsert under Moldejazz året etter. Resultatet var Steinar Raknes sin fyrste solokonsert inkludert vokale innslag som vart møtt med ståande ovasjonar. “Song er den mest naturlege forma for musisering” seier han sjølv og byr på låtar av m. a Bob Dylan Emmylou Harris og John Prine.

Konserten blir samansett av songar improvisasjonar og Steinar sine eigne komposisjonar for kontrabass.
Steinar Raknes – vokal bass
In English:
The bass player and composer turns singer! After successfully playing with bands like Urban Connection Ola Kvernberg Trio and his own quartet not to mention playing with greats like Michael Brecker Chick Corea and Bobby McFerrin Steinar Raknes is now going solo. «Singing is the most musical form closest to nature» he says and will prove this through classics by Emmylou Harris and John Prine as well as his own pieces for double bass. A double treat!