Etter å ha gjennomført jazz-verkstad tidligare på ettermiddagen var det klar for SuperJazz i Nain. Me starta opp med klassikaren ”Hallo, Hallo” før me gjekk vidare til andre større verk som ”Pål sine høner” og ”Hurra for deg”.
Med utgangspunkt i videoopptak av SuperJazzarane tok Ole Hamre, Rolf-Erik Nystrøm og Harald Dahlstrøm oss med inn i ei verd der det viktigaste var å vera seg sjølv. Og det fekk me til gangs – både gjennom dei innøvde numra og improvisasjon frå salen og scena.
Spelegleda var tydelig for alle og energien sprudla over til tilhøyrarane. Smilet var tydeleg og latteren satt laust.