Spellemann til Tord Gustavsen Ensemble

Vossa Jazz ynskjer Tord Gustavsen Ensemble til lukka med Spellemann i kategorien jazz! Dei fekk prisen for plata “Restored Returned” som er basert på Gustavsen sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2008. Solveig Slettahjell sitt Tingingsverk til Vossa Jazz i 2009; “Tarpan Seasons” var òg nominert. Vossa Jazz – aktuelle Noora Noor fekk prisen for årets kvinnelege artist  ho spelar på Fleischer`s laurdag 28. mars klokka 22:00. Velkomen!