Songfuglsk på ein sundag

Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem
siril malmedal hauge 2021

Det var roleg og avslappa på Vangen i dag, ein dagen-derpå fylt av godkjensle. På veg til Osasalen varma sola og lagde stemningsvorspiel til konserten med Siril Malmedal Hauge. Akkurat som ute var det roleg og avslappa stemning inne, og publikum var mottakelege for Sirils svale song. Saman med sitt særs habile band framførte ho songar hovudsakleg frå sisteplata Slowly, slowly. Og sjølv om det var slow songar var det ingenting treigt over heilskapen. Frå undrande betraktningar over natur og tid til sterke skildringar – særleg songen om albatrossen som vert teken av dage rører opp i tårekanalane denne sundagen. Tusen takk for songfuglar som Siril.

Del gjerne!