Søndag med Silje

Silje Nergaard er ei begaving på scena og ho klarar ved hjelp av si sterke stemme å fanga tilhøyrarane frå første stund. Vossasalen var fyllt til randa av eit forventningsfullt publikum og med ei samling av profesjonelle musikarar var det ingen tvil om at Nergaard skulle innfri. Musikarane med Helge Lien i spissen sørga for eit glitrande bakteppe og synte tidvis at det ikkje bare var Silje som kunne briljera. Det var flest låtar frå det nye albumet “A Thousand True Stories men også nokre litt eldre slagarar. Ukulele-kompisane” var også med på å laga bra stemning i det som kan oppsummerast som ein flott søndag med Silje.