Foto Magnus Skrede

Sommarkonsert med Sigrid Moldestad

Torsdag 18. juni vert det sommarkonsert i hagen til Park!

Vossa Jazz har sakna å jobba saman med våre gode vener på Park Hotel Vossevangen og hjå Voss Lyd, og me gler oss stort til å skipa til konsert.

Sigrid og hennar medmusikantar har nyleg vore i studio og jobba med nytt album, så kven veit, kanskje får me oppleva rykande ferskt materiale? Ei herleg feiring av sommaren vert det i alle fall!

Sigrid Moldestad – vokal, fele
Jørgen Sandvik – gitar, mandolin, banjo
Sigbjørn Apeland – piano, trøorgel
Anders Bitustøyl – bass
Kåre Opheim – trommer
Roald Kaldestad – gitar

Grunna koronapandemien vert det lagt ut eit avgrensa tal billettar, og me vil fylgja retningslinjene som ligg føre.

“Dørene” opnar 18.00, konsertstart 20.00.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Velkomen!

Artikkel under:

Arkiv