Solfylt Sivle-jazz

Significant Time (Foto: Vossa Jazz/Stefan Palmqvist)
Significant Time (Foto: Vossa Jazz/Stefan Palmqvist)

I skinet frå ei varm vårsol var Osasalen klar for å eit gjenhøyr av Significant Time sine tolkingar av Per Sivle sine «Vossastubbar». Ei sterk – og  smittsam – speleglede førte til smil og latter på scena og i salen. I tillegg til ein fantastisk vokal av Signe Irene Time, gav ho oss også ein kjapp innføring i vossamaol og viste til utdelt ordbok for å forklare enkelte av uttrykka frå «Vossastubber».

Det var også rom for masse forvitneleg jazz frå eit ungt og spanande ensemble som me nok vil få sjå igjen i fleire samanhengar på Voss.  Det var også plass til ein tøff og røff blues til hyllest av lomhunden og deira mot.

Ein nydeleg versjon av «Den fyrste song» avslutta konserten og det var berre å trekke ut på solfylte Voss – og sjå etter om ein kunne finne han Kolbein Hausa.

Del gjerne!