Snikpresentasjon av Knut Hoem si nye reisebok

Knut Hoem viste laurdagskveld at jazz og tysk historie kan kombinerast. Han vart akkompagnert av Gunnar Innvær aka DJ Barabass som lydla foredraget på ein kreativ og fengslande måte. Publikum var oppslukt og fekk oppleve ein rykande fersk snikpresentasjon av Knut Hoem si nye reisebok. Hoem si framføring inspirerte publikum til å ta turen til Berlin for å utforske byens mangfold innan kultur og historie.