Snasen bil

buicken-5

Nostalgien og humoren til «Buicken» spreidde seg som eld i tørt amerikansk præriegras og ein til randa fullstappa festsal på Park var i fyr og flamme. Orda til Lars Saabye Christensen og Tom Stalsberg fall saumlaust inn i det musikalske bakteppet som dryssa av blues americana bluegrass vaudeville og endelause highways. Knut Reiersrud si til tider fandenivoldske traktering av gitaren og Stian Karstensen si evne til å traktere kva det skulle vera kan tyda på at djevelen i vegkrysset har sikra seg to nye sjeler. Ei varm ode til nedstøva jukebox’ar TV-serien «Krutrøyk» og dei mange diner’ane i dei gamle sambandsstatane.

Del gjerne!