Smakfull sundagsjazz for sjela

Foto: Ådne Dyrnesli

Kva er betre på ein sundag enn å berre ta det heilt piano med riktig behageleg og smooth jazz? Peace, Love and Swing innleia med vakkert pianospel, som Sindre Medhus stod for. På neste låt fikk me høyre Signe Førre synge med eineståande klokkeklar røst, Sigurd Steinkopf imponerte også stort på trommer.

Det var ikkje anna å gjere enn å lene seg tilbake å suge til seg kvar elegante tone. Ein kan med tryggleik seie at dei lever opp til namnet sitt. Fredfullt med mykje kjærleik samstundes som det var fart og spenning i fleire av låtane, som for eksempel duetten mellom Signe Førre på vokal og bass, og Steinkopf. Førre presenterte duetten som ”utanlandsk og fersk” og me vil gjerne legge til at den var smakeleg leiken i tillegg.

Meir om Peace, Love and Swing.

Del gjerne!