Skitt so bra da va på Skitset!

Makan til vêr makan til musikk makan til luftige svev – rett og slett: makan til Ekstremjazz! Ekstremt nok i seg sjølv å karra seg ned til Skitset ville nok ein del meina men dei fleste vil nok også vera einige om at det var vel verd turen. Jøkleba sine klare vakre tonar var (som) skapt for naturen. Med svisjen frå Dinglo og Danglo og svusjen frå flygande skjermar glei lydane saman og danna det finaste musikalske bakteppe som noko gong har breidd seg over bakkane.

For dei som var så uheldige å ikkje få med seg sjølve konserten så legg me ved ein smakebit frå øvingane filma av lydmann Asle Karstad.

http://vimeo.com/62448467

 

Del gjerne!