Signe Emmeluth: Banshee. foto: vossajazz/Olav Aga
Signe Emmeluth: Banshee. foto: vossajazz/Olav Aga

Skingrande signal frå Signe

Tinginga “Banshee” av saksofonist Signe Emmeluth og hennar stjernelag av instrumentalistar blåste bakoversveis på tilskodarane i Gamlekinoen fredag kveld. Festivalens fyrste urframføring var fylt med illevarslande introar, presise progresjonar og høglytte høgdepunkt. Tuba, trompet, bass, slagverk, piano, vokal, altsaksofon og ein dugeleg dash elektronikk skapte eit innhaldsrikt lydbilete stappfullt med energi.

Ein banshee er ein mytisk figur i skotsk og irsk folketru som varslar død og ulukke med sitt skingrande skrik. Er det ein ting alle som var på denne konserten vil hugse så er det når heile bandet sette i å skrike av full hals, som førte til at mange par hender i salen måtte opp og dekke for øyrene. På Wikipedia står det: “Hvis flere banshee-er kommer sammen og hyler, er det et varsel på en viktig persons bortgang,”. Lat oss håpe dette skriket siktar mot ein viss viktig vrangpeis med vetorett.

Artikkel under:

Arkiv