Sjelevarm avslutning

_MG_0221

Sundag kveld var nokre av Noregs beste musikarar samla for avslutningskonsert. Solveig Slettahjel med hennar faste band In The Country og Knut Reiersrud oppfattar seg sjølv som ein familie – og i kveld kjende alle i Vossasalen seg som ein del av denne.

Publikum var langt frå fløyesmjuke og nybarberte etter ei lang jazzhelg, så dette var som balsam for sletne jazz-sjeler. Den blåkledde bluescowboyen med raud hatt fortener ei ekstra fjør i hatten for gitarsoloar som varma hjarta i salen. Bandet vart som ein trygg oase av soul, og saman med Slettahjell si storslegne røyst vart dette eit nydeleg punktum for ei fabelaktig jazzhelg.

Del gjerne!