Siste konsert ynskjer sumaren velkomen

Foto: Ådne Dyrnesli, Vossajazz

Siste konserten på årets Vossajazz. Den 42. festivalen er på veg mot slutten og Anneli Drecker har fått æra av å runde av for i år.

«Come Summer Sweet» syng ho om, med ei stemme som får oss til å draume oss vekk til sumar, fjord, fjell og Nord-Noreg. Det Drecker og bandet framførte for alle som møtte opp i Vossasalen no i kveld, var låtar frå det nye albumet «Rocks and Straws». Den nordnorske poeten Arvid Hansen frå Senja har skrive tekstane.

Kollegiet beståande av Jane Kelly på vokal, Eivind Aarset på gitar, Sindre Hotvedt på tangentar, Ole Vegard Skauge på bass og Rune Arnesen på trommer. Dei hjelper Drecker godt, som også speler på flygel i tillegg til å synge, med formidlinga av tekstene og arrangement. Ei formidling ein får både sterke og mektige kjensler av – kjensler som ynskjer oss ei god tid fram mot sumar!

Del gjerne!