Silkeførre

Signe Førre (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Signe Førre (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Kvifor risikere klabbete ski, når du heller kan nyte silkefør(r)e i Osasalen? Sundag føremiddag var det Signe Førre Trio som sikra påskestemninga på Voss – viss du med påskestemning meiner vakre standardlåtar, eit ungt bass- og vokaltalent og eit tett komp.

Signe Førre hadde eit vidt repertoar med seg til Osasalen. Ho starta med standardlåtar som vart framført overtydande, som balsam for sjela. Men spesielt fengjande og medrivande var hennar eigne komposisjonar, der ho mellom anna hadde jazza opp makedonsk folkesong – med intens og vakker song på originalspråket. Førre fortalte om si kjærleik for diktanalyse, som gjorde at ho har tonesett, aktualisert og revitalisert gode Welhaven. Diktet «Skjulte toner» brakte fram nettopp dette.

Håkon Mjåset Johansen er sterk og sjarmerande på trommer, medan Erlend Slettevoll sitt silkemjuke pianospel gjer at publikum kan sleppe alt mas og kjas i påskeførebuingane. Som Welhaven skreiv i diktet; «du lytter, naar dit Sind er stille».

Det kan ikkje vere tvil: Signe Førre Trio høyrer Vossapåska til, come rain or come shine!

Del gjerne!