Silent Psychos

motorpsychosupersilent_f-brynjar_vik-3

Etter ein knallstart med kanskje eit av årets beste norske rockealbum i 2010 er Motorpsycho allereie klar for å gå nye retningar. Denne gongen i møte med støy- og jazzbandet Supersilent. Og for eit møte me vart vitne til i Festsalen på Park Hotell!

Frå vare tåkelandskap via fengjande grooves til hardtslåande støybilete tok Supersilent og Motorpsycho oss med på ei reise gjennom nakne sterile månelandskap og sveitte sydande sumpar. Ingen band har vel meir driv i kompet enn Motorpsycho når dei set i gong. Med Supersilent sitt lydbilete kom dette berre endå betre til sin rett.

At kombinasjonen Motorpsycho/Supersilent utfordrar sitt publikum er det ingen tvil om. Spenninga som oppstår i møtet med desse gruppene er elektrisk og samstundes eksplosiv. Det visuelle utrykket under konserten er med å byggje opp under dette og gir ein smart og god effekt. Du må lytte og følgje med – og heng du på får du ei oppleving av dei sjeldne!

Del gjerne!