Sigrid Moldestad kjem til Voss med Vintersong

vintersong web

“Tenk om det kunne vere sånn ei stille vinternatt”, syng Sigrid Moldestad.

Å reise rundt med vakre og vare jolesongar, med ein stille bodskap om kjærleik, har vorte tradisjon for Moldestad. Dei siste åra har ho teke med seg ulike musikarar som ho lagar jolekonsert saman med. I år er det musikarar ho kjenner godt som skal lage jolestemning; Sigbjørn Apeland (trøorgel/piano), Roald Kaldestad (gitarar) og Kåre Opheim ( trommer/perc).

Ei blanding av tradisjonsrike jolesongar og nyskrivne songar frå hennar eigne plater fyller konserten, og kvar konsert på denne turneen får sitt unike preg.

Velkomen til Vangskyrkja onsdag 18. desember kl. 19.00!

Billettar kjøper du hjå TicketCo.

Del gjerne!