Sigrid Moldestad: Brevet til kjærleiken

Den fjerde soloplata i rekkja har fått tittelen ”Brevet til kjærleiken” og er ein hyllest til diktaren Jan Magnus Bruheim som ville vore 100 år i år. Her får du tekstar som krinsar kring kjærleiksomgrepet i sin vidaste forstand og om det å vere menneske og medmenneske.

På konserten får publikum møte både dei nye songane og historiene blanda med sterke songar og låtar frå tidlegare plater. Jan Magnus Bruheim kom opprinneleg frå Skjåk i Gudbrandsdalen men budde fleire år i eit skulehus i kystbygda Botnane i Sogn og Fjordane. Det same skulehuset nytta Moldestad og co til innspeling hausten 2013. Produsent Kato Ådland er mellom anna kjend for sine samarbeid med Sondre Lerche Nathalie Nordnes Røyksopp Hans Petter Gundersen m.fl. Med seg har ho eit knippe musikarar som skulle vera kjent for dei fleste og eit kvalitetsstempel – som om det skulle vera nødvendig – me snakkar trass alt om Sigrid Moldestad her!

Sigrid Moldestad – fele vokal
Kato Ådland – gitar
Sigbjørn Apeland – orgel tangentar
Morten Skage – bass
Kåre Opheim – trommer

http://www.sigridmoldestad.com/

Kjøp billettar hjå TicketCo. 

Med atterhald om endring.