
Sigrid Moldestad 15. desember
Me gjentek suksessen frå i fjor og let Sigrid Moldestad invitere til jolakonserten “Vintersong”.
Det er tredje året “Vintersong” vert framført og kvart år har hatt sitt eige musikalske uttrykk – og Sigrid set saman eit spesialband for kvar jolaturné. I fjor selde ho ut to fulle kinosalar på Voss, då med klassisk strykekvartett på laget. I år kjem ho med ny spennande besetning og nye versjonar av jolasongar og eige materiale.
Sigrid gav ut samleplate og singelen “Vintersong” til turnéstart i fjor, ein song som låg på spelelistene til NRK P1 lenge. Ho jobbar for tida med mykje nytt materiale og lovar også smakebitar av dette på jolakonserten. Ny plate kjem i 2017.
Sigrid Moldestad – vokal, fele
Sigbjørn Apeland – tangentar
Anders Røine – strengeinstrument
Anders Bitustøil – bass
Kåre Opheim – perkusjon
Gamlekinoen torsdag 15. desember kl. 18:00.
Kjøp billettar hjå TicketCo.
Les meir om:
Artikkel under: