Sheila Jordan kjem attende!

Jazzpioneren Sheila Jordan vitja Vossa Jazz for fyrste gong i 1983, og sist i 2017. Då vart det m.a. skrive: «Då jazzveteran Sheila Jordan gjekk på scena så blei det heitt i rommet. Hennar naturlege sjarm og karisma fylte salen med hardt treffande varmebølgjer som om det var sumar.»

92-åringen har ei særs finjustert musikkjensle, stor formidlingskraft og mange sterke forteljingar frå ei lang og omfangsrik karrière. Charlie Parker kalla ho «the singer with the million ears», grunna hennar store evne til å lytte til medmusikantane sine. Jordan er ein pioner innan scat-song, og var ein av dei fyrste som kombinerte denne songteknikken med reint kontrabass-akkompagnement.  Denne gongen òg tek ho med seg den svært røynde bassisten Cameron Brown, som mellom andre har spelt med Art Blakey, Chet Baker og Don Pullen/George Adams Quartet. 

Sheila Jordan – vokal
Cameron Brown – kontrabass

Gamlekinoen laurdag 25. september kl. 18.45.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Les meir om:

Artikkel under:

Kategoriar

Arkiv