Festivalsjef Trude Storheim innleia årets opningskonsert med minneord til den store vossakunstnaren musikaren og eldsjela Ivar Kvåle som gjekk bort i haust. Orda vart følgd opp av høgstemt hymnespel tradisjonen tro på lur men denne gongen var det ikkje komponisten sjølv som blas i hornet. Vemodet skulle ikkje vare ved for ordkunstnar og prosaist Ragnar Hovland letta stemninga og trimma lattermuskulaturen til tilskodarane med sine snertne anekdotar om jazzen og vossabygda si tilbliving.
Godt oppvarma jazzarar kunne så ta imot den dansk-norske trioen som har hausta strålande omtalar i landet sine store aviser den siste tida. Carsten Dahl serverte eit forrykande pianospel akkompagnert av Arild Andersen på bass og Jon Christensen på trommer. Publikum fekk vere vitne til musikk som kommuniserte på overraskande og spøkefullt vis samt artistar som visste å utforske alle sider av sine instrument. Med denne stjernekonstellasjonen gjekk startskotet for ei gullrekke av musikkjuvelar ein har i vente under Vossa Jazz 2012!