Setesdalen->Orienten->Stasjonen

Inger Hannisdal Ensemble (Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen)
Inger Hannisdal Ensemble (Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen)

Toget på «Stationen» tok oss med på ei reise gjennom både vande og ukjende landskap. Den tuffande ljoden frå lokomotivet vart erstatta med ljoden av ein travel marknad på den arabiske halvøya, ispedd slottespel frå heiene nær den kaledonske fjellkjede. Lokføraren på toget vart erstatta med felespel, konduktøren erstatta med harmonium og saksofon, medan serveringspersonalet vart erstatta med trommer og kontrabass.

Toget, for anledninga ei blanding mellom orientekspressen og krøderbanen, tok oss med på ei reise frå stølsheimen i Noreg, via det europeiske bybeltet, heilt til elvecruise på Tigris og Eufrat. Mellom stasjonane vart det servert både temperert og mikrotonal musikk i cafevogna. Når det nærma seg eit nytt stopp kunne ein kjenne at toget ikkje rørde seg på den vande måten, men snarare på eit asymetrisk vis. Før toget nådde den opprinnelege endestasjonen gjorde det heilomvending og enda på Vossebanen, bomma på Voss stasjon og gjekk roleg inn til perongen på Café Stationen.

Del gjerne!