Seglem set spor

seglem

 

Det var mange fotspor inn i salen – så mange at det var naudsynt å be alle som brukte meir enn ein stol å trekka seg saman.

Grunnmuren som blei bygd opp av trommer og  på tangentar la alt klart for at Karl Seglem kunne leika seg på saksofon og bukkehorn saman med hardingfelene slik at lydsporet vart komplett.  Eit forrykande lysshow og eit bakteppe med spor frå farne tider komplementerte hendinga.

Både tilhøyrarane og  artistane viste tydeleg at dei hadde det triveleg på scena og i salen. Samspelet sprudla slik at tingingsverket nok ein gong kan kallast ein stor suksess som satte spor i sjela..

Undersøkingar av lokalet etter konserten var ferdig avdekka også spor av trampeklapp.

Del gjerne!