For dei som ynskte ei noko rolegare avrunding av kvelden enn den ein kunne få med Real Ones i Vossasalen var blåsekvartetten Brass Jaw eit godt alternativ. Men når det er sagt var det også her duka for leik og sprell. Dei fire skotske messingmusikantane varta opp med eit breitt repertoar gladlåtar og eit humør som etter berre få takter hadde spreidd seg ut til alle dei mørke krokane i Pentagon.
Den muntre a capella hornmusikken frå tre saksofonar og ein trompet vart formidla gjennom ei visuelt underhaldande sceneførestilling full av humor og karisma. Saman baud på alt dei hadde både når det gjaldt samspel vilje og dugleik. For eit sjeldan lydhøyrt Pentagonpublikum synte Brass Jaw såleis fram korleis ekte speleglede ser ut.