Sambasundag for dei minste

sambajazz

«Er det noko liv i dekan?» spurde festivalsjef Trude Storheim og vert møtt  eit rungande «jaaa» frå eit meir enn fullsett Vossasalen denne sundag morgonen og dermed var standarden sett for Badnejazzen sitt tingingsverk 2012.

 

På scena sto Papegøyene og med samstemde rytmeinstrumenter tok dei med seg Badnejazzdeltakarane på ei reise vekk frå Noreg og inn i dei Brasilianske regnskogane. Med kjende  tekstar som mellom anna «Nøtteliten» «Blåmann blåmann» og «Bjørnen sover» oversett til fengande sambarytmer vert heile forsamlinga unge som gamle revne med og då «nå skal vi alle stå opp å danse nå» runga ut av høgtalarane i Vossasalen klarde sjølv ikkje dei mest reserverde foreldre å la vere å vrikke på hoftane.

 

Med «når trollmor har lagt sine elleve små troll» roa konserten ned og med det var årets mest sjarmerande innslag i Vossa Jazz 2012 over og kan gå inn i historiebøkene som ei minneverdig reise for både store og små.

 

PS: I forkant av konserten fekk Leif Rygg prisen som Baddnajazzprisen 2012 for sitt kontinuerlege arbeid for å vidareføra musikkgleda til nye generasjonar. Sjå eigen sak på vossajazz.no.

 

Del gjerne!