Salege tonar for duvande bjørkelauv

odd_nordstoga_adne-1

Som Odd sjølv seier det dette er musikk som kviskrar seg gjennom furukronene og duvar i bjørkelauvet. Ljodbilete er strippa men bær fram dei harmonerande vokalane på ein framifrå måte.

Bratland og Nordstoga har god kjemi og stemmene harmonerar nydeleg. Det verkar som dei har spela saman heile livet til tross for at samarbeidet berre har vart i eit år. Bratland løftar fram dei tradisjonelle melodiane med si fagre og mjuke røyst og mon tru om ho ikkje skaffa seg endå fleire friarar i kveld. Nordstoga er forteljar av rang han bitt saman dei fine visene med små anekdotar små forteljingar og jamvel stev. Han trakterar fleire instrument og saman med eminente Gjermund Silset på ulike bassar dannar dei ei fin ramme om musikken.

Del gjerne!