Saksofonani i Festsalen

Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz
Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz

Ein feststemt festsal var klar for en europeisk rytmekvartett som saman med Mette danna Rasmussen sin Quintet. Med dobbelt opp av bass og trommer var alt klart for «double trouble” i Festsalen – og bandet leverte varene.

Ut frå Mette Rasmussen sin saksofon strøymde det vilje og eit sterkt ynskje om å ta jazz-kvelden vidare . Saksofonani – eit nytt ord – skildrar Rasmussen sine intense og røffe tonar som improviserer seg over kompet i Festsalen. Rasmussen set sin endelege signatur på konserten med små hopp over scena i ein av mange soloar.

På førehand var ein lova rytme og driv – og Vossa Jazz held som vanleg det dei lovar.

Del gjerne!