Sagnomspunne, etterlengta, en-de-leg!

Sagn (foto: Vossa Jazz/Kai Flatekvål)
Sagn (foto: Vossa Jazz/Kai Flatekvål)

Trettitre år har det gått sidan Arild Andersen urframførte «Sagn» som tingingsverk på Vossa jazz. I trettitre år har ein snakka om denne hendinga som eit før og etter – eit før og etter ein for alvor skjøna at folkemusikk og jazz kunne vere to sider av same sak. Dei som var der, gløymer det aldri, medan dei som ikkje var det aldri gløymer at dei let sjansen glippe. Denne sundagen var det endeleg tid for ein second chance.

Var det verdt all ventinga? Utvilsamt. Dei første organiske rytmane og den umiskjennelege melodien frå tittelsporet «Sagn» hadde ikkje før byrja strøyme ut over Idrettshallen før det gjekk eit sukk – «der, åå, der, ja» – gjennom den gråsprengde forsamlinga. Og då hadde ikkje eingong Kirsten Bråten Berg byrja kveda. Det var berre å late augo att, og søkke ned i djupet.

Alt var som før, og likevel nytt. At så mange musikalske einarar kan utfalde seg i eigne særtrekk og signaturar, og samstundes vere del av noko så saumlaust samspelt, er rett og slett ikkje til å tru. «Sagn» var alt ein kunne draume om. Eit tidsmessig tingingsverk som toler tidas tann.

Del gjerne!