Roy Nathanson’s Sotto Voce

roy_nathanson_web

Vossa Jazz lova ei oppleving av dei sjeldne og Nathanson leverte ei herleg blanding av dikt song og improvisasjon. Med lun humor og personlegdom leia han eit jazzkresent og engasjert publikum gjennom refleksjonar over livet og turar på undergrunnen. Publikum visste kva dei kom for og Nathanson skuffa ikkje.

Frå scenen kom leiken improvisasjon og strålande spel. Publikum svara med høge tilrop plystring og spontan klapping. Napoleon Maddox som human beat box tilførte konserten ein eigen dimensjon.

Del gjerne!