Rett heim med Elin Brissman

_dsc1601-2

Songtekstane om gamle hus og gater i Vossabygda passa godt til den svenske kunstnaren Elin Brissman sine motiv av aldrande husfasadar frå svunne tider. Brissman har òg komponert årets festivalplakat som prydar kvar ein vegg og kvar ein stolpe på Vossevangen. Festivalstemte menneske stima til og fylte alle krikar og krokar av Banksmidja. Festivalutsillinga som er eit samarbeid med Voss Kunstlag hausta lovord frå festivalleiar Trude Storheim og applaus frå eit jublande begeistra publikum.

Del gjerne!