Retrofuturistisk dans i Pentagon

Rohey (Foto: Vossa jazz/ Runhild Heggem)
Rohey (Foto: Vossa jazz/ Runhild Heggem)

Det er laurdagskveld og eg sit fint i ein krok i konsertsalen Pentagon. Vossajazzarar i alle aldrar strøymar gjennom dørene, og lokalet fyllest til randen med ivrige tilhøyrarar. Rohey Tallulah entrar scena saman med resten av bandet sitt, og synthen startar showet.

Musikken til bandet kan godt beskrivast som retrofuturistisk. Her vart analoge synthlydar og framtidsretta, heftige rytmar blanda saman til eit medrivande sound som tok publikum både fram og tilbake i tid. Då den fengjande framtidsnostalgien breidde seg i publikum, førte det til ville tilstandar på dansegolvet. Eg trur ikkje eg har sett noko liknande på Vossa Jazz før! Jubelen vart sterkare og danse-moves’ane meir hemningslause for kvar song. Sjølv med ei notatbok i den eine handa, og ein penn i den andre var det umogleg å ikkje la riva seg med. Den gamle futurismen har fått ei ny tid.

Del gjerne!