Reprise på Karl Seglem sitt tingingsverk

Det er ei storhending når Karl Seglem gjev ut eit nytt album – tingingsverket til Vossa Jazz 2012 – Som spor. Sundag 21. september klokka 18:00 i Gamlekinoen får du høyra praktverket live igjen!

Han seier sjølv at verket er eit førebels høgdepunkt i hans karriere og meinar utgjevinga toppar den kritikarroste “Ossicles” (2010). Verket er spelt inn live på Nasjonal Jazzscene i Oslo og viser til fulle både musikaren og komponisten sitt framståande arbeid som nyskapande tradisjonsberar i musikalske skjæringspunkt mellom jazz- og folkemusikk. Det er få – om nokre andre – som har utvikla eit så genuint eigenarta tonespråk – med lyden av hardingfeler i botn. Som spor fekk prisen Årets verk av NOPA i 2012.

Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo: hardingfeler
Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo: tangentar
Sigurd Hole: bass
Kåre Opheim: trommer og perkusjon.
Konsertproduksjonen blir forsterka av lysdesigner Anette Christiane Lind og lydmann Trond Øyre.