Reflektert Tingingsverk-komponist

Hedvig Mollestad, Jazznytt med Audun Vinger (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)
Hedvig Mollestad, Jazznytt med Audun Vinger (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)

I samtale med Audun Vinger frå Jazznytt, fortalde Hedvig Mollestad opent og reflektert om prosessen bak Tingingsverket som skal urframførast laurdag kveld på Vossa Jazz.

Med stor kunstnarleg og økonomisk fridom, er det ein viss skrekkblanda fryd til stades under skapinga av eit Tingingsverk. Når ein står heilt fritt til å gjera kva som helst, kva gjer ein då?

Mollestad har tydelegvis tenkt grundig gjennom oppgåva, og har endt opp med ein gjeng fantastiske medmusikantar og nykomponert låtmateriale det går gjetord om her på festivalen, frå dei som har fått ein smakebit på øvingar, VossaKveik eller i form av videosnuttar. Vossajazzarar: De har all grunn til å gle dykk til i kveld – kl 18 i Vossasalen!

Del gjerne!