Surfar på lydbølgjer

Bedehus og Hawaii (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Bedehus og Hawaii (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Det er tidleg laurdag ettermiddag, og Bedehus og Hawaii spelar i foajeen i Gamlekinoen. Frontfigur Trond Kallevåg Hansen fortalde at han vart overraska over at det var heilt fullt i foajeen, dei hadde berre forventa to stykk. Men Det var snarare publikum som skulle verta overraska, om ikkje å seie lamslått av musikken som vart spela.

Då Bedehus og Hawaii spela songen «stars», var det som at ein flaut opp til stjernene, på gamle retro-surfebrett som liknar veggane i gamlekinoen, for deretter å sveve rolig tilbake til eit bedehus på Bømlo. Det er uvisst om det er mogleg å surfe frå Bømlo til Hawaii, men med dei vakre og fengslande melodiane, vart det derimot mogleg å surfe på lydbølgjene til gitaren, fiolinen, kontrabassen og ikkje minst pedal-steelen, samd bølgjeskvulpen frå cymbalane. Plustelig kjem ein tsunami av ein song som slår alle i salen vekk frå surfebretta sine, og inn i ein halvaken nostalgisk draume-liknande tilstand i baksetet av ein bil, og det kjennes som at ein ikkje lenger er i Gamlekinoen, men snarare i ei tid der Gamlekinoen berre var Kinoen med stor K, og palmar og predikantar står side om side.

Del gjerne!