Razika til Joalajzz!

Årets kjekkaste jolafest finn stad på Voss, og torsdag 29. desember er det tradisjonen tru duka for Jolajazz på Park. I år kan me gle oss til å høyra mellom andre Razika! Alle som har opplevd dette bandet veit at dei er ein fest.

Og fest skal det bli, både for store og små. Razika startar med Badnajolajazz i Vossasalen klokka 15:00 og på kvelden spelar dei opp att for dei vaksne. Heile programmet vert gjort kjent i løpet av hausten.

Billettar er lagt ut for sal hjå ticketco.no. Ta direkte kontakt med Park (56 53 10 00) dersom du ynskjer å kjøpa middagspakke; 3-retters middag og billett til Jolajazz.