Rannveig Djønne om Vossa Jazz

1. Kva er ditt forhold til Vossa Jazz?
Vossa Jazz er vel den festivalen eg har vore aller flest gonger på. Det er ein utruleg fin og avslappa atmosfære under festivalen og dei musikalske godbitane står i kø. Eg har jobba som frivillig under jazzen fleire gonger tidlegare og freistar alltid å få den med meg. Er det nokon festival eg vil kalla for "min" så er det Vossa Jazz.

2. Har du spesielle opplevingar frå festivalen?
Det er eit musikalsk minne frå Vossa Jazz som står spikra hjå meg. Den canadiske gruppa La Bottine Souriante hadde konsert i idrettshallen. Det er ein av dei mest forrykande konsertane eg nokon gong har vore med på. Fantastisk. Ellers så er opplevingane mange og gode. Til dømes magisk finale i Jazz Intro for eit par år sidan og flotte konsertar med Kari Bremnes.

 

Rannveig Djønne spelar med Folkrap laurdag kveld på Park (huskort).