Rallarblues frå det ville, vene Vestland

Bogue Chitto (Foto: Iver Finne/Vossa Jazz)
Bogue Chitto (Foto: Iver Finne/Vossa Jazz)

Ein stad mellom Det Ville Vesten og Det Vene Vestland ligg Café Stationen – eit lurvete vatnhol i enden av ei toglinje som aldri vart lagt ferdig. Rallarane har mista jobben. Dei draumer om lyden av skingrande togskinner, tøffande tog, ropa frå ein lokførar og kjensla av friske riksdalar på innerlomma. Trøysten finn dei i botnen av flaska, og i lyden frå Bogue Chitto.

I spelet til dei tre karane kjenner dei arbeidslause rallarane seg att. Frå trommslagaren kjem lokomotivdrivet – han er som ein fyrbøtar som hiv kol så sveitten piplar. Bassisten er vill i augo, og speler febrilsk og drivande, som om bassen var ei slegge. I linjene til gitaren ligg melankolien, dei knuste draumane og vonen om lyden av eit tutande tog som nærmar seg. Dette er skikkeleg rallarblues: Støvete, dryppande sveitt og drivande.

Del gjerne!