Puslespel med familien

Mathias Eick (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
mathias eick 2019 gamlekinoen

Laurdagskveld, Park er fullt, Vossavangen er tom – men kor er det uansett aldeles fylt til randa? Gamlekinoen. Grunnen? Mathias Eick, sjølvsagt. Heilt sidan han leverte Tingingsverket sitt, ”Voss” i 2011, har trompetstjerneskotet haldt fram med si triumfferd verda over. I siste liten har han kome seg frå konsert i Tyskland og raka vegen inn i Vossa Jazz sine lokale.

Mange hugsar ”Supermann” på kino, no er Supermann tilbake i Gamlekinoen. Og med eit oppbackingsband beståande av Erlend Slettevoll (tangentar), Håkon Aase (fele), Audun Erlien (bass) og Torstein Lofthus (trommer) kan det berre gå rett til himmels. Siste plata, ”Ravensburg”, er tydeleg eit repertoir der familie, vener og ungar får sine finaste hyllestar tileigna. Rundt i publikum nikkast det gjenkjennande og kanskje med ei lita, rørt tåre i augekroken.

Del gjerne!