Pulsen på polsen

Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Godt å sjå Cafe Stationen tilbake som konsertstad – og ingen betre til å ta fordums prakt tilbake enn forrykande, fabelaktige felespelar-geni Ragnhild Furebotten. Spellekvinna frå det heite nord og hennar blåsarensemble begeistra eit stadig fullare Station. Frå leiken tuba til rivrav medrivande felespel – publikum kom stadig med tilrop som «ja!» og «fantastisk», ei sjeldan oppvising i spontan entusiame som var totalt på sin plass. Den ultimate blend av folkemusikk og jazz just som Vossa Jazz vil ha det.

At det var fans i forsamlinga var klart, men etterkvart vart det tydeleg at også nyfrelste inntok plassen, og det i hopetal. Ordet virtuos er vanskeleg å unngå for slike instrumentalistar som Furubotten. Når ho klarar å gjera om ein galopp frå heimbygda Saltdal i Nordland til å lyda som eit heilt orkester med ein fyrstefiolinist frå Fantasia, rettferdiggjer ho uttrykket og vel så det.

Del gjerne!